REGLAR VINTERCUP
Revidert 25.08.20251. Deltaking
1.1. Gjeld skyttarar tilknytt lag i Rogaland Skyttarsamlag. 1.2. Cupen gjeld alle klassar utanom NU, SK1, SK2, JEG og KIK.
2. Gjeldande stemner
2.1. Alle opne stemner på 15m arrangert av lag i Rogaland Skyttarsamlag er teljande i cupen, inkludert samlagsstemnet.
3. Poengsystemet
3.1. For alle klassar gjev plasseringa i stemna grunnlaget for cup poeng, uavhengig om det bli skote 25 el. 35 skots program. Eks. 1. pl. 26 p, 2 pl. 22 p, 3 pl. 19 p. 4. pl. 17 p., 5. pl. 16 p., 6 pl. 15 p. osv. Opp til 20 skyttarar får poeng.
4. Rangering
4.1. Alle klassar som skal skyte finale vert rangerte, det gjeld ikkje NU, SK1, SK2, JEG og KIK. 4.2. Ved poenglikheit vil skyttarane rangerast etter beste enkeltstemne, det vil seie flest førsteplassar, flest andreplassar, osb.
5. Kvalifisering til finaler
5.1. Dei 8 beste resultata gjennom sesongen tel samanlagt. Ein skyttar kan maksimalt oppnå 8x26=208 poeng totalt. 5.2. Det vert 6 finaledeltakarar i kvar klasse. Er det færre enn seks som har skote innleiande får alle delta i finalen. 5.3. Skyttarane som kvalifiserar seg til finale vert presenterte på heimesida til Gjesdal Skyttarlag straks etter siste innleiande stemne. Det blir og sendt ut melding til alle lag som har finaledeltakarar. 5.4. Kvalifiserte skyttarar må stadfeste at dei vil delta i finalen innen ein frist som blir fastsett. Er det skyttarar som ikkje ynskjer å skyte finale rykker nestemann på lista opp. 5.5. Meisterskapsprogram i finalen. 5.6. Finalen skal i utgangspunktet haldast første helg etter avslutta sesong 15m.
6. Premiering
6.1. Statuett til vinnar innleiande i kvar klasse. Premie til alle finaledeltakarar. 6.2. Rangering i finalen: Ved lik poengsum og likt tal sentrum går siste serie (omgangen) først, så nest siste osv. Er dei framleis like går siste skot først, så nest siste osv. 6.3. Det er sett opp ein vandrepokal. Alle klassevinnarar etter finalen vert med på ein superfinale. Her startar alle i sin høgaste stilling. Etter prøveskot vert det skote enkeltskot. Dårligaste skot gjev slik utslag: Gjeld det ein ståandeskyttar går då vedkomande ned i knestilling, gjeld det ein kneskyttar går vedkomande ned i liggjande, gjeld det ein liggjande skyttar vert våpen visitert, og vedkomande er ute av tevlinga. Den som er att til slutt får napp i pokalen.
7. Rapportering av resultater
7.1. Stemnearrangør rapporterer til gjesdal@skytterlag.no gjesdal@skytterlag.no så snart resultata ligg føre. Resultata skal sendast i XML format (Same fila som blir sendt DFS) som e-post. 7.2. Resultata og plasseringa til skyttarane blir lagt ut på heimesida til Gjesdal Skyttarlag etter kvart som stemnene er avvikla.
8. Arrangementsavgift.
8.1. Ved frammøte til finalen betalar skyttarane vanleg premieinnskot, pr. i dag kr 150/100. Alt dette går til dekking av premiekostnadane.

