WESTCON CUP
Westcon Cup i skyting er ein cup som er sponsa av Westcon og arrangert av
Sunnhordland Skyttarsamlag.
Det er vanlegvis både ein vintercup (15m) og ein banecup.
Det vert arrangert vintercup frå november til februar, og så banecup frå mars til
august.
I tillegg til alle skyttarlag i Sunnhordland skyttarsamlag er skyttarlaga Karmøy,
Sauda, Sand/Suldal med i cupen.
Tidlegare år har og Skjold, Jondal, Røldal, Odda, Hardanger og Folgefonn vore
med i cupen.
Westcon Cup gjeld for klassane 1-5, Skytterklasse 1 og 2, Kikkert, Veteran 55, 65 og
75, samt Rekrutt, Eldre Rekrutt, Junior og Eldre Junior.
Skyttere i andre klassar kan skyte på Westcon Cup-stemna, men skyt ikkje om poeng.
Nybegynner Ung og Jeger skal ikkje skyte finale.
Styret i Sunnhordland skyttarsamlag avgjer i samråd med leiinga i Rogaland kva
stemner som kvart år skal inngå i Westcon Cup.
Dei stemna som inngår i Westcon Cup vert merkte WC/WVC i terminlista.
