SUNNHORDLANDSTREFFEN 15M
Bømlo og Bremnes: Laurdag og søndag 10. til 11. januar 2026
Stord og kanskje Fitjar: Laurdag og søndag 14. til 15. februar 2026
Skyttarlaga Bremnes, Bømlo, Fitjar og Stord innbyr til miniatyrstemne på sine
miniatyrbanar i januar/februar 2026.
Skyttarar frå arrangerande lag skyt vekedagane før helga.
Andre kan melde seg på i vekekveldane, men arrangerande lag blir prioritert.
Live vising og fortløpande resultatoppdatering for stemna finn du her på websida.
Bremnes Skyttarlag
innbyr til ope miniatyrstemne i ny hall ved Gilje Skytebane (Google maps).
Adresse: Giljevegen 326, 5430 Bremnes.
Anlegget har 8 KME skiver.
Bømlo Skyttarlag
innbyr til ope miniatyrstemne i Langevåg Bygdatun (Google maps).
Anlegget har 6 KME skiver.
Stord Skyttarlag
innbyr til ope miniatyrstemne i deira innandørs skytebane på Isdal (Google maps) i kjellaren på utandørs bana.
Anlegget har 6 KME skiver.
Fitjar Skyttarlag
innbyr til ope miniatyrstemne i deira innandørs skytebane.
Anlegget har 6 Megalink skiver.
Felles for alle stemna:
Medaljar:
1 gylt + 1 sølv meisterskapsmedaljar til klasse 3-5.
Sølv klassemedaljar til dei klassevinnarar som ikkje står til meisterskapsmedalje.
Gylt meisterskapsmedalje til vinnarane av meisterskapen i veteran- og
rekrutteringsklassane.
Elles 1/3 pengepremiering på 15- og 10-skot i alle klassar. Gjenstandspremiar til
klasse Nybegynner Ung. Jamfør Skyttarboka.
Premieinnskot/arr.avgift pr. stemne:
Premieinnskot klasse 1-5/Veteranar/KIK: kr. 80,- Arr.avg.: kr. 70,- Sum kr. 150,-
Premieinnskot klasse R/ER/J/EJ/NU/NV/SK1/SK2: kr. 50,- Arr.avg.: kr. 50,- Sum kr. 100,-
På alle stemna vert det nytta 35-skots program for dei klassar som skal skyte meisterskap.
Påmelding stemna:
Nettpåmelding på Mitt DFS.
Laurdag påmelding frå 0900-1600
Søndag påmelding frå 0900-1600
Kontakt leiar i dei respektive skyttarlaga for nærare opplysningar.




