SUNNHORDLANDSTREFFEN BANE
Juni 2026
SKYTTARHELG I SUNNHORDLAND
Bremnes Skyttarlag
innbyr til banestemne på Gilje skytebane, avkøyring mot Langevåg når ein kjem over
Trekantsambandet. Deretter tek ein av på avkøyring mot Gilje og køyrer ca 2 km før
ein tek av til banen opp til høgre. Vegen er merka.
Plassering: Gilje skytebane
Anlegget har 10 KME skiver på 100 m. Nytt flott skytterhus med stor terrasse der ein
kan slappe av eller ete eit måltid mat.
Bømlo Skyttarlag
innbyr til banestemne på Vika skytebane. Ved køyring frå nord mot Langevåg ligg banen
på venstre sida av vegen (synleg) ved Vika (rett før Langevåg). Dersom ein kjem med
ferja frå Buavåg - Langevåg så kjør mot Bremnes, banen ligg på høgre sida av vegen
rett etter Langevåg. Banen har 8 skiver på 100 meter (KME) og 10 skiver på 200 meter
(KME). Skyttarhus med terasse og toalettbrakke.
Plassering: Vika Skytebane
Stord Skyttarlag
innbyr til stemne på Isdal, avkøyring mot Litlabø når ein køyrer E39. Deretter tek ein
avkøyring mot Isdal, ca 1 km til banen.
Plassering: Isdal Skytebane
Anlegget har 10 skiver på 100 m og 15 skiver på 200 m (KME).
Anlegget har stort skyttarhus med kafe og live visning. Det er stor parkeringsplass og
mulighet for parkering av campingvogn og bubiler. Vi kan ordne straum på forespurnad.
Toalettanlegg vil være tilgjengelig for dei som vil bu på plassen.
Vandrepokal: Sylv vandrepokal til vinnar av meisterskapen for klasse 3-5 oppsett av ASATOR
(Teknisk Bureau).
Fitjar Skyttarlag
innbyr til banestemne på Fitjar, avkøyring imellom Fitjar sentrum og Sandvikvåg
ferjekai. Banen ligg om lag 200m frå hovedvegen.
Plassering: Årskog Skytebane (Google maps)
Anlegget har 8 skiver på 100 m og 8 skiver på 200 m (Megalink).
Anlegget har og nytt og fint skyttarhus med kafe og live visning. Me ynskjer alle
velkomne til det flotte anlegget vårt.
Vandrepokal: Sylv vandrepokal på meisterskapen på 200 m (klasse 3-5) oppsett av Fitjar Kraftlag.
Påmelding banestemna:
Nettpåmelding på https://mittdfs.no/pamelding/ frå og med 1. juni.
Avstand mellom banane:
- Bremnes (Gilje) - Bømlo (Vika): 24 km
- Bremnes (Gilje) - Stord (Isdal): 30 km
- Stord (Isdal) - Bømlo (Vika): 45 km
- Stord (Isdal) - Fitjar (Årskog): 25 km
- Bremnes (Gilje) - Fitjar (Årskog): 51 km
- Bømlo (Vika) - Fitjar (Årskog): 64 km
Velkommen til stemnene i Sunnhordland!
Stemna inngår i Westcon cupen:

Til dei som ynskjer overnatting:
| Fitjar Sjø og Camping | Kulleseidkanalen Gjestehamn | Stord Hotell | Almås Hotell | Grand Hotell Stord AS | Sponavik Camping |
|---|---|---|---|---|---|
| Vestbøstad | Kanalvegen 24, Finnås | Kjøtteinsvegen 67, Stord | Kjøtteinsvegen 60, Stord | Osen 5, Stord | Sponavikvegen Stord |
| Tlf. 53429353, Tlf. 41428038 | Tlf. 53421100 | Tlf. 53421875 | Tlf. 53409999 | Tlf. 53012783 | Tlf. 99640121 |
| www.fitjarcamping.no | kulleseidkanalen.no | www.stord-hotell.no | www.almas-hotell.no | www.grand-hotell.no |
--- eller kontakt leiar i dei respektive skyttarlaga for nærare opplysningar.




