SUNNHORDLANDSTREFFEN

Bremnes Skyttarlag Bømlo Skyttarlag Fitjar Skyttarlag Stord Skyttarlag
Lik oss på Facebook

SUNNHORDLANDSTREFFEN BANE

Juni 2024

SKYTTARHELG I SUNNHORDLAND

Bremnes Skyttarlag

innbyr til banestemne på Gilje skytebane, avkøyring mot Langevåg når ein kjem over Trekantsambandet.Deretter tek ein av på avkøyring mot Gilje og køyrer ca 2 km før ein tek av til banen opp til høgre. Vegen er merka.
Plassering: Gilje skytebane Anlegget har 10 KME skiver på 100 m. Nytt flott skytterhus med stor terrasse der ein kan slappe av eller ete eit måltid mat.

Bømlo Skyttarlag

innbyr til banestemne på Vika skytebane. Ved køyring frå nord mot Langevåg ligg banen på venstre sida av vegen (synleg) ved Vika (rett før Langevåg). Dersom ein kjem med ferja frå Buavåg - Langevåg så kjør mot Bremnes, banen ligg på høgre sida av vegen rett etter Langevåg. Banen har 8 skiver på 100 meter (KME) og 10 skiver på 200 meter (KME). Skyttarhus med terasse og toalettbrakke. Plassering: Vika Skytebane

Stord Skyttarlag

innbyr til stemne på Isdal, avkjøyring mot Litlabø når ein kjører E39. Deretter tek ein avkøyring mot Isdal, ca 1 km til banen.
Plassering: Isdal Skytebane
Anlegget har 10 skiver på 100 m og 15 skiver på 200 m (KME).
Anlegget har stort skyttarhus med kafe og live visning. Det er stor parkeringsplass og mulighet for parkering av campingvogn og bubiler. Vi kan ordne straum på førespurnad. Toalettanlegg vil være tilgjengelig for dei som vil bu på plassen.
Vandrepokal: Sølv vandrepokal til vinnar av meisterskapen for klasse 3-5 oppsett av ASATOR (Teknisk Bureau).

Fitjar Skyttarlag

innbyr til banestemne på Fitjar, avkjøring imellom Fitjar sentrum og Sandvikvåg fergjekai. Banen ligg om lag 200m frå hovedvegen.
GPS koordinatar N 59° 55.848', E 5° 20.230'. Plassering: Årskog Skytebane
Anlegget har 8 skiver på 100 m og 8 skiver på 200 m (Megalink).
Anlegget har og nytt og fint skyttarhus med kafe og live visning. Vi ønsker alle velkomne til det flotte anlegget vårt.
Vandrepokal: Sølv vandrepokal på meisterskapen på 200 m (klasse 3-5) oppsett av Fitjar Kraftlag.

Påmelding banestemna:

Nettpåmelding på www.dfs.no frå og med 1.juni.

Avstand mellom banane:
Bremnes (Gilje) - Bømlo (Vika) 24 km
Bremnes (Gilje) - Stord (Isdal) 30 km
Stord (Isdal) - Bømlo (Vika) 45 km
Stord (Isdal) - Fitjar (Årskog) 25 km
Bremnes (Gilje) - Fitjar (Årskog) 51 km
Bømlo (Vika) - Fitjar (Årskog) 64 km

Velkommen til stemnene i Sunnhordland! Stemna inngår i Westcon cupen:
WESTCON Cup

Til dei som ønskjer overnatting:

Fitjar Sjø og CampingBømlo HotellLangevåg bygdatun (caravan)Stord HotellAlmås HotellGrand Hotell Stord ASSponavik Camping
VestbøstadRubbestadnesetLangevågKjøtteinsvegen 67, StordKjøtteinsvegen 60, StordOsen 5, StordSponavikvegen Stord
Tlf. 53429353, Tlf.41428038Tlf. 53429353Tlf. 53421875Tlf. 53421875Tlf. 53409999Tlf 53012783Tlf 99640121
www.fitjarcamping.no www.bomlo-hotel.no www.bygdatunet.no www.stord-hotell.no www.almas-hotell.no www.grand-hotell.no

--- eller kontakt leiar i dei respektive skyttarlaga for nærare opplysningar.