WESTCON CUP

WESTCON CUP

Westcon Cup i skyting er ein cup som er sponsa av Westcon og arrangert av Sunnhordland Skyttarsamlag.
Det er vanlegvis både ein vintercup (15m) og ein banecup.

For 2023/2024 vert det arrangert vintercup frå november til februar, og så banecup frå mars til august.
I tillegg til alle skyttarlag i Sunnhordland skyttarsamlag er skyttarlaga Karmøy, Sauda, Sand/Suldal med i cupen for 2023/2024.
Tidlegare år har og Skjold, Jondal, Røldal, Odda, Hardanger og Folgefonn vore med i cupen.

Westcon Cup gjeld for klassane 1-5, Nybegynner Vaksen, Kikkert, Veteran 55, 65 og 73, samt Rekrutt, Eldre Rekrutt, Junior og Eldre Junior.
Skyttere i andre klassar kan skyte på Westcon Cup-stemna, men skyt ikkje om poeng. Nybegynner Ung skal ikkje skyte finale.

Styret i Sunnhordland skyttarsamlag avgjer i samråd med leiinga i Rogaland kva stemner som kvart år skal inngå i Westcon Cup.
Dei stemna som inngår i Westcon Cup vert merkte WC /WVC i terminlista.