WESTCON CUP

REGLAR (oppdatert for 2023-2024)

Det arrangeres to cup´ar gjennom året: Westcon Vintercup og Westcon Banecup.
Normalt startar Vintercupen i oktober-desember og avsluttast med stemner i januar-februar.
For 2020-2021 vart det ikkje arrangert vanleg Vintercup, pga COVID-19 vart det i staden arrangert ein heimebanecup for ungdom innandørs frå januar til mars 2021.
Før 2020 gjekk vintercupen frå januar-februar med avslutting same år i desember.

Banecupen går fra mars til august kvart år, men vart ikkje arrangert i 2020 og 2021 pga COVID-19 restriksjonar.

I 2024 vert det finale i Westcon Vintercup.
I 2023 vart det ikkje arrangert finale i Westcon Vintercup og det var kun finale for følgande klassar i banecupen: Rekrutt, Eldre Rekrutt, Junior, Eldre Junior, V55, V65 og V73.

Vintercup og Banecup


1. Deltaking.

1.1. I tillegg til alle skyttarlag i Sunnhordland skyttarsamlag er skyttarlaga Sauda, Sand/Suldal og Karmøy med i Westcon Cup.
1.2. Westcon Cup gjeld for klassane 1-5, Nybegynner Vaksen, Kikkert, Veteran 55, 65 og 73, samt Rekrutt, Eldre Rekrutt, Junior og Eldre Junior.
1.3. Skyttarar i Nybegynner Ung kan skyte på Westcon Cup-stemna, men skyt ikkje om poeng. Nybegynner Ung skal ikkje skyte finale.


2. Gjeldande stemner.

2.1 Styret i Sunnhordland skyttarsamlag avgjer kva stemner som kvart år skal inngå i Westcon Cup.
2.2. Dei stemna som inngår i Westcon Cup vert merkte WC /WVC i terminlista.

3. Poengsystemet.

3.1. For alle klassar utanom klasse 1, Kikkert, Open Klasse og Nybgeynner Vaksen er oppnådd poengsum på fullt meisterskap, 35 skot, skyttaren sine oppnådde cup-poeng, uavhengig av rangering på stemnet.
For klasse 1, Kikkert, Open Klasse og Nybegynner Vaksen er oppnådd poengsum på hovudskytinga, 25 skot, skyttaren sine oppnådde cup-poeng, uavhengig av rangering på stemnet.
3.2. Skyttaren sitt grunnlag for sluttresultat er summen av skyttaren sine 5 beste enkelt-stemneresultat gjennom sesongen.
Ved lik poengsum vert den rangert først som har flest samla innertreff på dei 5 beste stemneresultata.
Skyttarar i klasse 1 og Nybegynner Vaksen kan maksimalt få 5 x 250 = 1.250 poeng.
Skyttarar i alle andre klassar kan maksimalt oppnå 5 x 350 = 1750 poeng.

4. Rangering.

4.1. For banecupen vert det klassevis rangering og premiering etter innleiande baneskyting i seniorklassane.

4.2. For banecupen vert det uttak til finale og premiering etter finaleskyting i Rekrutt, Eldre Rekrutt, Junior, Eldre Junior og Veteranklassane.

4.3. For vintercupen vert det rangering etter innleiande skyting og uttak til finaleskyting, utan Nybegynnar Ung (denne klassen skal ikkje rangerast).

5. Kvalifisering til finale.

5.1. Skyttar må skyte minst 5 Westcon Cup-stemne i løpet av sesongen for å kunne kvalifisere seg til finaleskyting.
5.2. Det vert arrangert finale i Westcon Vintercup for alle klassar utan Nybegynnar Ung.
5.3. Det vert arrangert finale i Westcon Banecup for desse klassane: Rekrutt, Eldre Rekrutt, Junior, Eldre Junior, V55, V65 og V73.
For dei øvrige klassane blir vinnarane i cupen kåra etter innleiande skyting.
5.4. I klassane med færre enn 15 skyttarar med 5 teljande stevner eller meir, skal 5 skyttarar vera kvalifisert til finalen.
5.5. I klassane med 15 skyttarar eller flere med 5 teljande stevner eller meir, skal 7 skyttarar vera kvalifisert til finalen.
5.6. Det er anledning til å hente inn reservar frå alle skyttarar med 5 eller fleire teljande stemner i dei klassane som skal skyte finale.
5.5. Kvalifiserte finaleskyttarar vert presentert klassevis på samlaget si nettside. Samlaget sender ut melding om finaledeltaking til alle lag som har kvalifiserte finaledeltakarar.
5.6. For å delta på finaleskyting må kvalifiserte skyttarar stadfeste deltakinga innan den frist som samlaget set.
Fristen vert meldt på samlaget si nettside og direkte til laga i god tid før finaledagen.
5.7. Skyttarar som ikkje har stadfesta deltaking innan fristen får ikkje skyte finale.

6. Premiering.

6.1 Premiering etter skyteresultat.
For Westcon Vintercup vert det premiering til dei 3 beste etter superfinale. Ein må skutt minst 5 stemner for å få delta i finalen og få premie.
For Westcon Banecup vert det premiering til dei 3 beste i kvar klasse etter innleiande skyting i fylgande klassar: Klasse 1-5, NV, KIK og Open Klasse.
Skyttarar må ha skutt minimum 5 stemner for å få premie.
I dei klassane som skyt finale vert det klassevis premiering til dei 3 beste i kvar klasse etter finaleskytinga.

6.2. Vandrepremie. I klasse 3-5 er det satt opp ein vandrepremie. Denne må vinnast 3 gongar for varig eige.

7. Rapportering av resultat

7.1. Stemnearrangør pliktar å rapportere resultat til samlaget så snart resultatet ligg føre.
7.2. Resultat skal sendast på XML format (DFS stemneoppgjør) på e-post til samlaget og til den i samlaget som er ansvarleg for å oppdatere resultatlistene. For tida er dette Edgar Vorland. Epost edgar.vorland@gmail.com og kopi til sunnhordland@samlag.no

8. Krav/oppmoding til arrangør.

8.1. Arrangørar av stemner som inngår i Westcon Cup skal syte for at stemnet vert gjennomført i tråd med DFS sitt regelverk.
8.2. Tilkomst til bane skal vere tydeleg merkt.
8.3 Alle avvik på stemnegjennomføring som har eller kan få konsekvensar for Westcon Cup skal omgåande meldast til Sunnhordland skyttarsamlag
8.4. Alle innbydingar til stemner som inngår i Westcon Cup skal innehalde informasjon at om at stemnet inngår i cupen. Det er ynskjeleg at innbydinga inneheld Westcon Cup logo.
8.5. På stemnedagen skal arrangør syte for at tilsent profileringsmateriell slik som Westcon Cup banner og flagg er hengt opp godt synleg.
8.6. Dersom Westcon ynskjer å plassere ut profileringsmateriell i høve Westcon Cup stemne så skal arrangøren finne plass til dette.
8.7. Bilde som vert tekne i høve Westcon Cup stemner og som arrangør nyttar på nett og i presse skal så langt råd profilere Westcon.
8.8. Arrangørar vert oppmoda til å sikre kvalitet på stemna, både i innbyding, tilrettelegging for skyttarar, gjennomføring og resultatservice.
Live visning skal prioriterast der det er teknisk/fysisk mogleg.
8.9. Det skal betalast deltakeravgift fra alle stemner som inngår i Westcon Cup.
For lag som høyrer til i Sunnhordland Skyttarsamlag, så er avgifta 500,- pr. stemne.
For lag utenfor samlaget, så er avgifta 1.000,- pr. stemne.

9. Informasjon

9.1. Reglement, resultat, stemneoversikt og anna relevant cup-informasjon ligg på Sunnhordland skyttarsamlag si nettside og på http://www.skytter.bomlo.org/westconcup/

10. Endringar

10.1. Ynskjer om endringar knytt til reglement og gjennomføring av Westcon Cup kan meldast til styret i Sunnhordland Skyttarsamlag for handsaming og vedtak på Ombodsmøtet.

11. Stemnestønad til finalearrangør.

11.1. Samlaget betaler kr. 4.000 i arrangementsstøtte til arrangør av Westcon Cup sine finalar.

12. Finaleprogram

Alle klasser som skyt finale gjennomfører ein ordinært 35-skots mesterskap.
Rangering og premiering klassevis vert gjort på basis av desse resultata.

Superfinalar
For baneskyting skal det arrangerast to superfinalar, som kårer vinnar av Westcon Cup i to ulike kategorier: Liggande og kneståande.
For Vintercup (15m) skal det arrangerast 1 superfinale, som kårer vinnar av Westcon Cup, alle klassar skyt liggande.
Alle deltakarane i superfinalane startar likt og har ikkje med seg poengsummen fra innleiande finaleskyting.

I superfinalen skal desimal tas med i poengberekninga i liggande og knestående skytestilling.

Ved lik poengsum skal det skytast enkeltskot etter samme regelverk som i sjølve superfinalen, frem til ein vinnar kan kårast.

Skyteprogram i superfinalane: Alle finalane skyt 10 teljande skot. Dei første 5 skota skyt ein i serie, men med open skjerm.
Skytetid her er 2 minutt for liggande og knestående skytestilling.
Deretter blir det skote 5 enkeltskot, med forenkla kommando og fri skytetid.
Finalen skal gjennomførast med speaker på standplass, og dersom det er praktisk og forsvarlig vert det opna for tilskodarar på standplass.
Det vert lagt opp til kommentering undervegs, og medan skytinga pågår.

Superfinale liggande skytestilling
Minimum dei de 2 beste fra klassene R, ER, V65 og V73 får delta.
Skiveinndeling avgjerast av rangering frå 35-skoten.
I superfinalen vert det skote 10 skot liggande og vinnar vert den med høgste poengsum i superfinalen.

Superfinale knestående skytestilling
Alle klassar i superfinale-kneståande skyt på 100m på banefinalen.
Minimum de to beste fra klassane JR, EJ og V55 får delta.
Skiveinndeling avgjerast av rangering fra 35-skoten.
I superfinalen vert det skote 10 skot knestående og vinnar vert den med høgste poengsum i superfinalen.

Superfinale ståande skytestilling
Før 2023 vart det og arrangert superfinale i ståande for seniorklassar.
Antall deltakarar i superfinalane vil styrast ut frå antall tilgjengelige skiver.
Dersom ein kan ta med fleire skyttarar enn minimumskrava, så skal dette gjerast.
Som hovudregel gjeld at ein skal ta med så mange som mogleg som skivekapasiteten tillet.

13. Lagskyting

13.1. Alle lag som har deltakarar i Westcon Cup deltar i konkurransen.
13.2. Poengsum bereknast ut frå det enkeltes lag sine deltakarar etter følgande modell:
For kvart stemne bereknas samla poengsum frå 25-skoten på dei to beste i klasse EJ, 2, 3-5 og V55 + dei to beste fra klassene R, ER, JR, NV, V65 og V73.
Det er et krav at minst eit av dei tellande resultata er fra ein skytter i klasse 3-5 eller EJ.
13.3. Årets lag kåres etter at alle stemner er gjennomført, og vinner er det lag som har høgast poengsum gjennom året,
basert på dei beste 5 resultata frå banecup´en og dei 5 beste resultata fra vintercup´en.
Årets lag vinner ein vandrepremie. For å vinna den til odel og eige må den vinnast fem gonger.